Reisebrev frå Etiopia

av Siri Utby

Farmasøyter Uten Grenser (FUG) gav meg oppdraget om å undervise på masterutdanninga for sjukepleiarar innan kreftsjukepleie i Addis Abeba, Etiopia. Undervisninga skulle gå over to veker, i januar. Ein farmasøyt med erfaring frå dette kurset tidligare, Wendy Klem, kunne vere der ei veke, så det var behov for at eg kunne vere der ei veke.

Eg reiste frå Oslo tidlig fredag, og ankom Addis Abeba på kvelden. Der blei eg henta av Wendy og vår faste sjåfør Biniam, som kjørte oss til «Oslohuset». Huset besto av seks soverom med tilhøyrande bad, stove, kjøkken, og ein takterrasse som blei flittig brukt om ettermiddagane etter jobb. I huset budde det to sjukepleiarar som skal vere der åtte månader, og ein medisinstudent som var der nokre veker på eit prosjekt. Alle hadde komen veka før, og var slik ganske ferske i Addis dei også.

Laurdag vart det nokre timar jobb, der Wendy fortalte kor langt dei var komen på undervisninga i løpet av veka, og kor mykje som stod att. Det var viktig, sidan Wendy skulle reise heim på kvelden. I tillegg rakk vi å vere eit par timar på «merkato» som er marknadsområdet i Addis. Det bli rekna som Afrika sin største utandørsmarknad, og det var ein overveldande oppleving. Det var seksjonar for ulike varer, smale gater og folk over alt.

Sundag måtte vi forberede førelesningane vi skulle ha, men vi rakk også ein utflukt til Debre Zeyt, eit område ca. ein time frå Addis, med gamle vulkanske krater der det no er innsjøar. Det var ein veldig fin tur, og det var kjekt å sjå noko anna enn storbyen.

I veka hadde eg og sjukepleiarane undervisning i til dømes nye kreftlegemiddel, apotekproduksjon i Norge, haldbarheit på legemiddel, og kvalmestillande. Torsdag arrangerte vi eksamen, 8 studentar tok eksamen som var laga som multiple choice. Torsdag ettermiddag sat vi alle fire i huset og retta for harde livet, slik at dei kunne få resultatet på fredagen. Det gjekk heldigvis bra for dei fleste.

Etter at studentane hadde fått eksamensresulatet på fredag, vart det tid til å vere ei stund på kreftavdelinga på Black Lion Hospital. Der fekk vi sjå utblanding av doksorubicin, cyklofosfamid og vinkristin, samt noko administrasjon til pasientane. Det er heilt andre forhold enn det vi er vane med frå Noreg, og det er nok ein del områder dei kan forbetre seg. Dette gjeld særleg HMS, aseptisk arbeidsteknikk og mikrobiologi. Sjukepleiarane Marianne og Ann-Elin skal vere der dei komande åtte månadane og gi undervisning på blant anna desse områda. Det blir spanande å sjå kva dei får til.

Om kveldane trena vi på takterrassen, såg på fuglelivet i solnedgangen, og kosa oss med god mat frå kokka i huset, eller åt ute på restaurant. Laurdag kveld starta heimreisa, det tok 23,5 time dør til dør, så litt slitsamt var det. Men det var ein spanande tur med mange inntrykk frå ein heilt annan kultur, og eg håpar at eg får mogelegheit til å reise ned igjen. Takk til Sjukehusapoteket i Bergen for at det heile gjekk i orden!

Advertisements
Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: